Selektiv bruk av Bibelen

Det er store kontrastar i norsk kristenliv. I forrige veke var det felles rektormøte for ImF, NLM og Normisjon, og Hans Johan Sagrusten frå Det Norske Bibelselskap hadde foredrag for oss om korleis vi kan sjå på dei fire evangelia i Bibelen.

Både når vi tenkjer på dei mange detaljerte augevitne-skildringane, og alle dei bevarte overleveringane vi har av dei nytestamentlege tekstane, skal vi ha tillit til at Bibelen er det den utgjer seg for å vere: Guds inspirerte ord. Både ateistar og bibelkritisk teologi går i felles sak for å bryte ned denne tilliten til Bibelen. Derfor er det så viktig at vi set oss inn i dei historiske fakta, og reflekterer over Skrifta sitt sjølvvitnemål, slik at vår kurs vert stødig i møte med alt som vil gjere oss usikre.

Same veke la samlivsutvalet i Den Norske Kyrkja fram si innstilling etter over tre års arbeid. Eit knapt fleirtal på fem meiner at kyrkja ikkje skal opne for at sambuarar skal kunne tilsettast i kyrkjelege, vigsla stillingar. Det er grunn til ei viss glede over eit slikt signal, sjølv om synspunktet berre har ei stemmes overvekt. Når det gjeld spørsmål om menneske som lever i homoseksuelle forhold kan ha vigsla stillingar, eller om kyrkja skal legge til rette for forbønsliturgi for likekjønna ekteskap, fell dessverre innstillinga ned på feil side. Det siste står ikkje utvalet samla om, men skriftlege uttaler frå nokre i mindretalet ber heller ikkje bod om forplikting overfor dei aktuelle bibeltekstane. Utvalet siterer mange bibelord, men i staden for at skriftord skal tolke skriftord, vert bibelorda tømt for innhald og gjort uforpliktande for oss som lever i dag. Dette er svært alvorleg, for vi snakkar ikkje om adiafora (mellomting), men om forhold som Bibelen utvetydig omtalar som synd og brot med Guds vilje. Derfor er rettleiing i strid med Bibelen ei ukjærleg handling og eit svik mot menneska, for ein velsignar det Gud aldri har velsigna.

Vi finn ingen grunn til å bruke dette utvalet si innstilling som rettleiing i samlivsetikk, og heldigvis er det alternativ. Vi vil heller anbefale boka «Samlivsetikk og kristen tro», som er ei felleskristen utgreiing som kom ut i 2011, og som mellom anna ImF var oppdragsgjevar for. Her har fleire lutherske organisasjonar og frikyrkjer gått saman for å utarbeide eit grunnlagsdokument med aktuell og bibelsk basert rettleiing i ulike samlivsetiske spørsmål. Boka er ikkje lenger i sal, men kan no lastast gratis ned frå mellom anna våre nettsider (imf.no/ressurser).

Det er all grunn til å ha tillit til Bibelen, og då meiner vi heile Bibelen, ikkje berre den delen som talar om Guds kjærleik og nåde. Selektiv bruk av Skrifta er ei tapslinje.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.